10.mai
Berre ei innlevering, ei framføring og 2/3 eksamenar att, så er eg ferdig på ungdomsskulen. Berre dumt at den innleveringa skal vere på 3-5 sider om ei nork gruppe og skal leverast i morgon. Takk gud for at leveringsfristen er klokka 20:00 morgon. No sit eg her med nesten ei og ei halv side tekst, men føler eg har mykje meir og skrive. Kjenner det var lurt å velge A-ha -mykje å skrive om dei! Blir nok sittande oppe nokre timar til før eg tek turen til drøymeland nokre få timar. Kjenner det har blitt litt lite søvn i det siste, men då er det godt å vite at eg i morgon klokka 20:00 kan senke skuldrane og sove så lenge eg berre vil.
Det er eigentleg ganske rart at tida har gått så fort. Om litt over ein månad er eg ferdig på ungdomsskulen! Då er det sommarferie, lenge. Ein ferie eg skal nyte til det fulle både på Malta og på Hasvik. Det skal bli så herleg. Herleg å senke skuldrane før tre år med allmenn på vidaregåande.
Men no må eg nesten runde av og prøve å bli ferdig med denne musikkoppgåva her. Sov godt alle saman. (sov litt for meg og!)

....
God natt♥










